Senteret sitt bannerbilde

Legekontoret i Giske AS

Velkomen til heimesidene våre. Vi ønsker å gjere kontakten med oss så enkel som mogeleg. Derfor er det lagt til rette for bestilling via SMS på desse sidene.

Du vil i tillegg finne ein del informasjon om legesenteret her. Ellers er du velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du ønsker det.



Aktuelt

DIGITALE TJENESTER

30. oktober 2017

Du kan no bestille timar via https://helsenorge.no/ (innlogging via BankID). Der kan du plukke timar sjølv, bestille reseptar eller kommunisere med oss via e-konsultasjon. Den siste tjenesten kostar like mykje som vanleg konsultasjon. Fakturagebyr kjem i tillegg. Dersom du har frikort er tjenesten gratis.

 

Du må ha fylt 16 år for å bruke tjenestene på Min helse.

 

 

 

Influensavaksina 2017

19. oktober 2017

Vi har fått beskjed frå Folkehelseinstituttet om at vi vil motta influensavaksinene i løpet av dagen 24.10.17. Vi begynner å vaksinere 25.10.17.

 

Kontakt oss på telefon for å avtale tid for vaksinering, eller send SMS til 2097, start tekstmeldingen med GISKE.

 

Risikogrupper

Følgende personer har økt risiko for alvorlig sykdom og død ved influensasykdom, og anbefales derfor influensavaksine:

  • Alle fra og med fylte 65 år
  • Beboere i omsorgsbolig og sykehjem
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om vaksine
  • Barn og voksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesykdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte-/karsykdom, spesielt personer med alvorlig hjertesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sykdom eller skade, spesielt personer med nedsatt lungekapasitet
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Andre målgrupper

I tillegg anbefales influensavaksine til følgende grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personer med nedsatt immunforsvar
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

Influensavaksine

14. september 2017

Folkehelseinstituttet har sendt ut melding om at det er forsinka levering av influensavaksine. For Møre og Romsdal vil utlevering skje i veke 42 (vekedag ikkje avklart).

Vi legg ut ny melding når influensavaksina er komen til vårt legekontor.

27. august 2015

 

Nasjonalt legevaktnummer 116117 frå 01.09.15

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet. Når du ringjer 116117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Er det akutt og står om liv, ring 113.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringja fastlegen først.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

Fastlegen din i opningstida

Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta

113 når det er akutt og står om liv

 

Fastlegen kan også gje hjelp raskt

Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringja fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakta fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring.

Kva kan legevakta gjera for deg

Når du ringjer det sekssifra nummeret 116117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113.

Legevakta i Noreg er ulikt organisert. I alle kommunar skal det alltid vera minst ein lege på vakt. Når du brukar legevakttenester, skal du betala ein eigenandel.

Dei fleste stadar i landet er det forventa at du ringjer legevaktsentralen for vurdering for gjera avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.

Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:

  • Høg feber – særleg hjå barn

  • Moderate pustevanskar

  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring

  • Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.

  • Alvorleg psykisk sjukdom

  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap

  • Kuttskadar som må syast

  • Mistanke om brot

Slik kjem du i kontakt med legevakta

Ring det sekssifra nummeret 116117 eller det lokale legevaktnummeret. Begge vert svara døgnet rundt ved legevaktsentralen.

Hvis du treng å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du oppheld deg, kan du bruka det lokale nummeret. Sjekk kommunen si nettside eller nummeropplysningstenestene.

Når skal du ringja 113

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet

  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale

  • Uforklarleg og plutseleg ustø

  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit

  • Brystsmerter i meir enn fem minutt

  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg

  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme

 

VAKSINER

28. april 2015

SKAL DU TIL UTLANDET? FERIE, JOBB ELLER STUDERE?

Vi har dei vaksinene du treng til ein slik tur/ slikt opphald. Dei fleste reisevaksinene har vi til ei kvar tid tilgjengeleg ved legekontoret.

Ta kontakt på tlf: 70188500 eller på sms 2097 og avtal ein samtale :)

 

 RUSS 2015

Det er anbefalt frå folkehelsinstituttet å vaksinere seg mot hjernehinnebetennelse når ein er russ eller er ungdom som er mykje ilag med årets russ. Vaksina har vi på legekontoret.

 

Kikhostevaksine bør inngå ved oppfriskningsvaksinasjon av voksne.

 For flere av vaksinene som gis i barnevaksinasjonsprogrammet, trengs det gjentatte oppfriskningsdoser (boostervaksiner) i voksen alder for å opprettholde beskyttelsen mot de aktuelle sykdommene.

Slik oppfriskningsvaksinasjon er anbefalt for stivkrampe-, difteri- og poliovaksine. Den høye forekomsten av kikhoste i Norge, gjør at også kikhostevaksine nå anbefales jevnlig oppdatert.  

Chlamydia test?

28. april 2015

Hei!

Har du mistanke om smitte eller behov for Chlamydia test?

Kom innom legekontoret for prøvetakingsutstyr. Henvend deg på laboratoriet.

Du treng ikkje avtale med lege.